Stemmestrømme II: konturer af en raprytmisk udviklingslinje

Research output: Contribution to book/anthology/report/proceedingBook chapterResearchpeer-review

97 Downloads (Pure)

Abstract

I dei to kapitla «Stemmestrømme I: Rapbegrebet ‘flow’» og «Stemmestrømme II: Konturer af en raprytmisk udviklingslinje» har Jakob Schweppenhäuser eit liknande prosjekt, men med døme frå dansk rap. Kvifor lyder det «fedt»? Det må vitskapen freiste å gje eit svar på. I det første kapittelet får vi ein fyldig terminologisk gjennomgang, kor Schweppenhäuser definerer rap som «en vokaldiciplin, -praksis eller -teknikk, dvs. en måde lydligt at artikulere lyrik på» og flow som «[r]appens rytmiske, tonale og artikulatoriske bevægelse i forhold til en (ev. implicit/uhørlig) grundpuls». Dette flow-omgrepet ekskluderer rim-tilhøve (til skilnad frå Oddekalvs definisjon), men inkluderer tonale eller melodiske nivå.
I det påfølgjande kapittelet utviklar Schweppenhäuser ein analysemetode for flow, og skisserer ei flow-historisk utviklingslinje gjennom nærlyttingar av låtar av MC Einar («ældre hiphoprap»), SuparDejen («moderne hiphoprap») og Deichkind («technorap»). Denne utviklinga er mellom anna prega av aukande tonal og artikulatorisk stilisering, der stemmen i stadig større grad vert nytta som musikkinstrument. Det metodiske bidraget ligg i bruken av et analyseskjema som gjer det mogleg å studere verslinjene i samband med ulike rytmiske nivå: taktar, 4.-delar, 16.-delar, trykksterke og trykksvake stavingar, off-beat-aksentar osb. Gjennom fargekodar kan også rim-organiseringa i teksten kartleggast. Lyrikkhistorisk representerer rappen eit «postmoderne» møte mellom tradisjonalisme og modernisme, mellom ordna, attkjennelege former på den eine sida, og flytande, fragmenterte former på den andre.
Original languageDanish
Title of host publicationFlytsoner : Studiar i flow og rap-lyrikk
Place of publicationOslo
PublisherScandinavian Academic Press
Publication date2023
Pages107-176
ISBN (Print)978-82-304-0343-3
Publication statusPublished - 2023

Cite this